Publisert av: May Britt Meland
12/10/2020 14:09
Vinnaren er kåra
Det strøyma på med teikningar då “Våge sentrum” i haustferien utlyste teiknekonkurranse. Temaet var: HAUST PÅ TYSNES
Det var to premiar til dei mellom 0 og 12 år, ein for beste teikning og ein tilfeldig trekt vinnar. I tillegg ein premie til beste teikning i aldersgruppa 12-100 år.
Responsen var overveldande, og det vart etterkvart mange flotte teikningar som pryda veggane i butikkane i Våge.
Bertine Dalland vann, og fekk eit gåvekort på 500 kr.
Ronja Dalland vann gåvekort på 300 kr, og Iren Tvedt Asbjørnsdatter Færavaag vann gåvekort på 500 kr for beste teikning i aldersgruppa 12-100 år.
Her ser du eit knippe av dei mange teikningane som kom inn: