Tysnes Rundt har starta

Publisert av:
10/7/2009 19:04

Klokka 18.45 gjekk startskotet for årets Tysnes Rundt ved den gamle handelstaden på Årbakka.

Det er Tysnes Kystlag som står i bresjen for roturen for oselvarar og som kvart år tiltrekkjer seg roarar frå fjern og nær.

Om lag 35 båtar tok avstad frå Årbakka i nydeleg sommarvér, og dei kan truleg sjå fram til ein flott tur rundt Tysnes!