Held kulturlandskapet i hevd

Publisert av: May Britt Meland
24/9/2020 14:20

Ein liten flokk utegangar-sauer frå Geir Vatne i Lunde har fått ei viktig oppgåve. Denne veka vart dei transportert på høveleg vis ut til Vetla Gøyo. Her skal dei få kose seg og samstundes hjelpe gardseigarane Gro og Kjersti Godøy.
-Det har ikkje vore beitedyr på eigedomen i det siste, og det gror igjen med kratt og buskar, fortel Gro Godøy til Tysnesingen.no. For meg er det viktig å halde beitelandskapet, og eg set pris på hjelpa eg no får.

Sauene vart transportert ut til Vetla Gøyo i ein heilt spesiell båt. Oselvaren er nemleg bygd på Solstråleøya på 50-talet av Hjalmar Solberg.

 

Foto: Geir Vatne