Cuprekord

Publisert av:
11/6/2009 20:57

I utgongspunktet set klubben eit tak på 50 lag. I fjor pressa ein inn 4-5 lag ekstra. I år er interessa for å vera med enno større og 73 lag har sendt inn påmelding, men fire av dei er det ikkje plass til (om det ikkje kjem avmeldingar).

Med andre ord vil ein stad mellom 700 og 800 spelarar vera i aksjon fyrste helga i juli.

For at flest mogleg skal få delta i cupen, har Njardar og Lundegrend IL blitt samde om at også Vassbakken skal brukast. Det betyr at mange av dei innleiande kampane vil gå på to banar fredagen.

Kampar som går laurdag og søndag går kun på Reiso. Tysnes Sparebank Cup vert arrangert helga 3.-5.juli.