Det blir sjøsportveke i juni

Publisert av: Martha Nygård Lande
11/5/2020 14:54

Sjøsportveko som Båtlaget Njord/Tysnes arrangerer kvart år, er svært populær.

Og så populær er den, at den den vart fullbooka på under ein time denne gongen.

I år har ein venta i spenning om det vart mogeleg å gjennomføra dette, men no har regjeringa opna opp for at ein kan gjennomføre idrettslege arrangement i grupper på inntil 20 personar, forutsatt at ein held 1 meters avstand.

Foto: Båtlaget Njord/Tysnes

 

Sjøsportveko er for born i alderen 8 – 14 år, og dei skal få prøve ulike farkostar. Dei skal segle med joller og større båtar, padle i havkajakk, lære sjømannskap, sjøvett og vannsport.

Primærmålet for læring er å gi borna mestringsfølelse og samtidig ha det gøy. Vår målsetting med Sjøsportveko er å gi born eit godt fundament å byggja vidare på i Sjøsportens fantastiske univers, skriv Båtlaget Njord/Tysnes.

Foto: Båtlaget Njord/Tysnes

 

Sjøsportveko skal i år gå av stabelen 22. til 26. juni. Dersom du kjenner nokon som kunne tenkt seg å vera med, er det mogeleg å sette seg på venteliste.

https://www.deltager.no/sjosportveko2020