Foto: trimpoeng.no

SommarTrim Tysnes 2020

Publisert av: Martha Nygård Lande
1/5/2020 09:16

I dag, 1. mai, startar SommarTrim opp igjen, og varer fram til 31. august.

Det er BKK Breiband avd Tysnes, som saman med Tysnes Treningssenter og Svingen Puls, som arrangerer trimmen.

Alle som deltek får trimpoeng, og er med i trekninga av premiar. For å få trimpoeng, må du vera innom ein eller fleire av turmåla i sommartrimmen. Klikk her, så ser du turmåla.

Du kan og vere med i trekning av premiar dersom du har registrert minst 10 innsjekk pr månad, om du er innom alle turmåla i løpet av sesongen, eller er blant dei ti som har høgast poengsum.

Dersom du vil lesa meir, og kanskje ynskjer å vera med på sommarens trim, kan du gå inn på SommarTrim Tysnes 2020, her ser du korleis du melder deg på.