Leikeskogen på Nesse Gard

Publisert av: Martha Nygård Lande
29/4/2020 15:16

Har du lyst å ta deg ein fin tur i eventyrlege omgjevnader, kan du ta turen til Nesse Gard og for eksempel  gå Hakkebakkestien.

Det er Karianne Dalland Nesse, som saman med resten av familien har laga til stiar, figurar og aktiviteter i skogen.

Dei har kalla det Hakkebakkestien sidan dei har laga karakterane frå forteljinga om Klatremus og dei andre dyra i Hakkebakkeskogen.

Medan du går treffer du Bestemor Skogmus og Morten Skogmus. Og den fyrste du treffer på er Klatremus.

 

Stien er ei rundløype, og den er lett å gå både for born og vaksne.

Dersom ein vil gå ein litt lengre tur, kan ein også det.

Denne brua går ein også over når ein går Hakkebakkestien.
Og dersom du treng ein kvil, kan du sette deg på ein fin benk, med plass til tre stykker. Benken er det far til Karianne, Roald Nesse, som har laga.

Alle er hjerteleg velkomne til å ta ein tur, det er god parkeringsplass, seier Karianne.