Brannsjef Torfinn Kongsvik med First Responder bilane. Foto: Tysnes brann og redning

Ny, moderne bil på plass

Publisert av: May Britt Meland
31/3/2020 18:40

Tysnes brann og redning har no skifta ut den gamle Hiacen som har gjort tjeneste som First Responder bil i snart 20 år. Ein stolt brannsjef, Torfinn Kongsvik, fortel at mandag 30. mars kom ein splitter ny Mercedes Vito på plass på brannstasjonen i Eredalen. Denne vil no ta over oppgåvene til den gamle.

Moderne utstyr
I bilen er det utstyr for overflateredning, røykdykkerstolar, eit mini slukkeanlegg med skum og utstyr for First Responder-oppdrag. Mannskapa i brannvesenet på Tysnes er utsjekka som akutthjelparar. I den nye bilen er det er det nødvendig utstyr som hjertestartar, oksygen og generelt førstehjelpsutstyr. Kursinga som akutthjelpar er eit samarbeid med Stiftelsen norsk luftambulanse. -Tenesta er ein ekstra ressurs i tillegg til den ordinære ambulansetenesta og ikkje ei erstatning framhevar Kongsvik.

-Intensjonen er at mannskapa vert alarmert og rykkjer ut på raude responsar i dei tilfella ambulansen er meir enn 20 min vekke og akutthjelperene  kan vere framme før. Dei skal også varslast på melding om livlause pasientar for å bistå ambulanse, eller hjelpe pasienten til ambulanse eller lege kjem. Smittesituasjonen med korona har ført til nye rutinar og bruk av smittevernutstyr på desse oppdraga.

 

Den flunkande nye First Responder bilen til Tysnes brannvesen. Foto: Tysnes brann og redning