Festivalkontor opnar

Publisert av:
5/5/2009 21:10

Tysnesfest melder at dei held ope festivalkontor kvar laurdag frå og med 9.mai. Dei vil ha ope mellom klokka 10.00 og 14.00.

Festivalkontoret blir i “gamle posten” i Våge (der Bits & Bytes hadde sin butikk).

På festivalkontoret kan du få kjøpa billettar til alle arrangementa til Tysnesfest 09, og transport til dei ulike innslaga. Dei nye flotte t-skjortene er også i sal.