Eli Karin vart heidra med Frivilligprisen 2019

Frivilligprisen 2019 til Eli Karin Johnsen

Publisert av: May Britt Meland
7/12/2019 21:36

Ein vellukka Frivilligfest på Frivilligdagen 5. desember.

Camilla og Louise starta festen med flott song. Mellom serveringane sat godorda laust.
Fyrst ute var varaordførar Arne Leite som sa litt om frivillig arbeid, og kor viktig det er i samfunnet i dag.

Trine-Lise Aasen overrekte prisen i form av ein flott statuett, laga av Liv Sunndal. Diplom og blomster.

Kirsten Nesse og Marit prest teikna eit breitt bilete av Eli Karin som menneske og som flittig medarbeidar i kyrkja, omsorgssenteret og i arbeidet med dei utviklingshemma.

Det er styret i frivilligsentralen som peikar ut vinnaren blant dei nominerte. At Eli Karin var favoritten, synte seg raskt og avgjerda var samrøystes.
Alle tilbakemeldingane har gått på at det var ein verdig vinnar som ser alle, har alltid eit smil på lur og blir ho beden om ei teneste: “Ja selvsagt kan jeg det”

Varaordførar Arne Leite, Eli Karin Johnsen og Trine Lise Aasen

 

 

Tekst og foto: Per Verner Aase