Publisert av: Hilde Marie Sæverud-Mehammer
23/11/2019 21:04
Unike handlaga ting
I dag har den tradisjonelle julemessa i Lunde blitt gjennomført.
Det blir meldt om god stemning og mange dyktige utstillarar.
Kafeen hadde godt utvalg av kaker, kaffi og saft.
På messa kunne ein finne blant anna: Mosenisser, sjokoladekjeks, villsauskinn, saft og epler fra eigen hage, kransar, mange ulike handlaga klær, tekstilar, smykker, kort, dekorasjoner, produkter frå Forever Living og Tupperware. Her var både lokale og tilreisande selgarar.
Mange har nok gått heim godt fornøyd med eit rikt utvalg av heimelaga julegåver i år!
Foto: Elin Vevatne