Langfredagstur med Onarheim Bygdalag
12/4/2009 15:15
Vel 90 turgåarar hadde samla seg i finvêret på Skorpetveit kl.12.00. Etter velkomstord frå formannen i bygdalaget – Egil B. Berge, bar det oppover vegen gjennom furuskogen til Hetlelio. Undervegs var dei yngste på jakt etter skatteboksar gøymde langs vegen. Boksane vart straks leita opp, og innhaldet delt på alle som ville ha noko søtt på tunga.
Etter mat- og kosepause og ei kort historieforteljing frå staden, returnerte dei med dei minste føtene og dei i barnevogn. Om lag 30 av turgåarane ville vidare sørover.
Med John, Anders og Olav Laukhamar som vegvisarar bar det så over snaufjellet sørover – framom småtjødn, sildrebekker og idylliske småvatn. Sjølv om Kongshaugvarden – høgste toppen på Skorpo – berre ragar 229 m over havet, var det frå den flott utsikt til alle kantar – berre Laukhammarsåto skygde litt i sørvest. På Laukhammarsåto er den einaste dokumenterte bygdeborga på Tysnes. Det er funne trekol i torva der, så der har det truleg i si tid vore vardevakt.
Litt ovanfor gardane ligg Stemmevatnet som dei fekk kvednavatn frå til dei to gardskvednene. Den massive steinmuren i stemmen er litt skadd, men det er planar om å restaurera den og såleis få Stemmevatnet like stort som i eldre dagar.
Det var så tilbod om transport attende til Skorpetveit, men nokre ville ha med seg den særmerkte naturen nordover i Laukhammarlia før dei vart plukka opp og køyrde siste biten.