Foto: Pinterest.com

Til alle strikkeglade damer og menn!

Publisert av: Martha Nygård Lande
6/9/2019 10:00

Strikking av tepper, huer og sokker til Nepal

Tysnes Normisjon og Tysnes Bygdekvinnelag oppfordrar alle som likar å strikke, til å vera med å gje eit bidrag til nyfødte i Nepal.

No er hausten her, og i Nepalfjella er vinteren snart komen, og dei små, nyfødte på sjukehuset der, treng sokker, tepper og huer.

Dei fattige mødrene kjem til sjukehuset og føder der, når dei veit at dei får med heim desse flotte strikkeplagga som du kan vera med å laga.

Innsamlinga av dette vert på julebasaren til Normisjonen onsdag 04.12.19 i Tysnes Bedehus.

Mvh Jorunn Støle Bjordal Tysnes Normisjon og Tysnes Bygdekvinnelag