Torunn Eriksen til Tysnesfest 09

Publisert av:
2/4/2009 15:37

Torun Eriksen hausta strålande kritikkar for albuma ”Glittercard”(2003) og ”Prayers & Observations”(2006), og har etablert seg som ein uvanleg fengslande live-artist. Med si eksepsjonelle, sjelrike songstemme og formidling, er Tyskland, Nederland, Sveits, Frankrike nokre av landa som har teke varmt i mot jenta frå Telemark. I sumar går turen til Tysnes, og her stiller ho med eit sterkt lag musikantar.

Tysnesingen Kjetil Dalland er Torun Eriksen sin næraste musikalske medarbeidar, og bassist i ensemblet. Han gjesta Tysnesfest i fjor med Vidar Johnsen og Peter Nordberg, og skulle vera godt kjend for dei fleste. Frøydis Grorud, grundig profilert gjennom 10 år i NRK-programmet ”Beat for Beat”, trakterar saksofonar og fløyter, og er i skrivande stund høgaktuell med sitt eige soloalbum ”Himmeldryss”. Pianisten Torjus Vierli vil ein kunna kjenna att frå konsertar med Sigvart Dagsland, Garness og Oslo Gospel Choir. Sistemann på laget er Torstein Lofthus, frå Øystese, trommeslagar for artistar som Maria Mena, Marit Larsen og Silje Nergård.

Dei som vèl å ta turen til denne konserten kan venta seg ei konsertoppleving utanom det vanlege, med drivande akustisk soul og meditative stemningar som hovudingrediensar. Sidan Torun Eriksen i desse dagar er i studio for å leggja dei siste penselstrøka på sitt komande tredje-album, er det tillegg svært sannsynleg at konsertgjengarar kan ha urframføringar i vente.