Påsken på Mandelhuset
1/4/2009 13:53
Påsken byrjar med Olav Stedje som kjem laurdag 4 april, Olav Stedje framfører all av den gode musikken sin! Kom tidleg for å sikra deg plass, Olav Stedje entrer scenen kl 22:00.
Onsdag blir det Jam i regi av Olav Skorpen, det blir ein kveld for alle som vil spela musikk for og med folket på Tysnes. Kom kl 21:00
Torsdag blir det PåskeQuiz av Marcus Dalland! Ta med familien, kjente og kjære og få ein kjekk påskekveld med litt hodebry. Hugs, det er gratis å delta på quiz’n!
Langfredag kjem Loren-Gallaher og speler heilt utrulig musikk for oss! Duoen består av Renn og Mike Gallaher. Renn har tilknyttning til fleire kjente artistar som Eagles, Ralph Myers, A-Ha, Morten Abel, Magnet, Barbie Bones og fleire. Musikken etter samarbeidet hans med Magnet finner du i Brad Pitt – Angelina Jolie film; Mr. and Mrs smith.
Mike har og hatt eit sammarbeid med store artistar, blant anna Joe Cocker, Leon Russel, Delbert McClinton, Bebe Winans for å nemna nokon. Denne duoen er dermed sagt noko utanom det vanlege; artistar av ypperste kvalitet! Dei speler mange klassikere og har alt frå rock til country, latin og jazz.
Mandelhuset er stolte av å kunne presentere så flinke artistar! Me håpar at alle som ein, tysnesingar og hyttefolk tek turen ut i påsken. Me vil og minna på at det er ope restaurant med matservering og take away alle dager utanom måndag 6 april.
-Skjærtorsdag og Langfredag serverer me laks-toast i tillegg til andre retter.
-Påskeafto serverer me ein påskemeny med lam.
Åpningstider for kjøkkenet er:
15:00-21:00 kvardager.
14:00-21:00 helligdager.
Olav Stedje: 150kr (ikkje forhåndsalg av billetter)
Loren-Gallaher: 100kr