Slektsforsking på data

Publisert av:
17/3/2009 19:53

Eller har du kanskje ikkje fullt så store ambisjonar, men vil berre få orden på den næraste slekta di to-tre generasjonar bakover – i første omgong?

Uansett  – om du har sysla med slektsgransking ei stund, eller kan tenkja deg å vita meir om korleis ein går fram, så vil det koma eit kurstilbod på Tysnes folkebibliotek i næraste framtid.  

Kursleiar vert Erling Utne, som har lang røynsle med slektsforsking og i bruken av dataprogrammet Legacy som vil bli delt ut gratis i fri versjon til alle deltakarar. Erling Utne har teke del i utviklinga av den norske versjonen av Legacy, som er eit av dei beste og mest nytta slektsprogramma. Legacy er fullt kompatibelt med anna programvare dersom du brukar eit anna program frå før av.   

I løpet av 2-3 kurskveldar vil deltakarane få demonstrert korleis ein kan nytta programvara som eit verktøy i slektsforskinga, og korleis ein går fram med å henta dei opplysningane ein har bruk for. Deltakarane vil også få ei orientering om kva som finst på internett av ressursar. 

Om du trur at dette kan vera noko for deg, og gjerne vil setja av 2-3 kveldar utetter våren, ta kontakt med Tysnes folkebibliotek på epost tysbib@online.no eller på telefon 988 19 153. Me er avhengige av eit visst antal deltakarar og vil gjerne også høyra kva tidspunkt som passar best for dei fleste. Me ser helst at deltakarane disponerer eigne berbare pc’ar som dei kan ha med.