Held foredrag i Bergen
8/3/2009 12:59
Tema
Frå 1893 til 1937 var mannskapa på dei amerikanske båtane som tevla om America’s Cup for det meste norske sjøfolk.
Mange av sjøfolka hadde bakgrunn frå tørrfiskfrakt med Hardangerjakter langs Norskekysten. Då motoriseringa tok bort grunnlaget for denne fraktefarten utvandra mange av sjøfolka til Amerika. Grunna svært gode kvalifikasjonar og aktiv nettverksbyggjing fekk dei innpass på amerikanske rikfolk sine kappseglingsbåtar.
Dermed vart regattasegling levebrød for mange norske sjøfolk. Båtane dei segla på tevla mellom anna om America’s Cup, verdas største regatta og verdas største idrettstrofé på denne tida. Denne soga er lite kjend og burde difor ha nasjonal interesse i sjøfartslandet Noreg og internasjonal interesse hjå folk som er oppteken av kappsegling og maritim historie.
Under foredraget vert det høve til å kjøpa eit 20-siders særtrykk som inneheld tre artiklar som Kjell Magnus Økland publiserte i Seilmagasinet i 2005. Pris: 150 kr. For meir informasjon om temaet sjå www.norwegiansteam.com
Foredragshaldaren
Kjell Magnus Økland er seglar, frilansjournalist og kulturvitar med Cand. Mag i historie/kulturvitenskap.
Han har arbeidd sidan år 2000 med å samla inn stoff om dette temaet og har arrangert utstilling og publisert ei rekkje artiklar om emnet. Han arbeider òg med å laga ein fjernsynsdokumentar der dei siste attlevande aktørane frå denne perioden deltar.
Han er elles i ferd med å avslutta arbeidet med boka Oselvaren – den levande båten, ei omfattande bok om denne båttypen. For meir informasjon om Kjell Magnus Økland sjå www.kjellmag.no