Publisert av:
19/2/2009 09:09
18 på pendlarforum årsmøte
– Den gode drøsen rundt borda, var omtrent som stemninga på “Hardingen” når fem-ferja var på veg inn til Våge ein fredags ettermiddag i gamle dagar, smiler Arne Leite. Han kan beretta fylgjande frå årsmøtet:
Årsmøtet vedtok vedtekter for forumet og valde følgjande styre:
Leiar: Bjarte Erstad
Styremedlemer: Morgan Espelund, Ingrid Restad og Einar Wathne
Styret er samansett av pendlarar frå begge ferjesambanda samt snøggbåtruta. Alle som pendlar, i jobb eller skulesamanheng, til og frå Tysnes er invitert til å verta medlem.
Forumet har allereie vore involvert i møter med Statens Vegvesen, Tide og ordførarar for fleire kommunar. Å arbeida med desse aktørane, samt pressa, vert fokuset vidare og. Begge ferjesambanda er i endringsprossessar der det er viktig å ivareta brukarane sine interessar. Snøggbåtruta.og skuleruta er stadig i vinden og treng ei røyst frå eit felles forum.
Medlemskapet for 2009 kostar kr. 100.- men er gratis for alle skule-elevar og studentar.
Vil du bli medlem er det berre å senda e-post til leiar bjarte@erstad.no