Knepent tap

Publisert av:
16/2/2009 17:35

I ein jamn 7.divisjonskamp mellom Tysnes og Askøy i Tysneshallen i går vart stillinga 23-25. Til pause leia Askøy 10-12.

Trenar Jorunn Dalland seier til Tysnesingen at sjølv om Askøy hadde ei tomåls leiing til pausen, så fekk dei mykje betre tak på dei i går enn i bortemøtet tidlegare i sesongen.

– 2.omgong vart enno betre og me var fleire gongar opp i både uavgjort og leiing, seier ho. – Men grunna dumme feil vart me straffa med mål i mot.

Trenaren syns litt synd på jentene. – Dei kjempa utruleg bra mot Askøy, og at ein skal bli så hardt straffa kvar gong ein gjer feil er hardt å svelgja, seier ho, men at det berre er å jobba vidare og prøva å få vekk småfeila.

Silje Helland og Ingse Vevatne vart toppscorarar mot Askøy med fire mål kvar.