Stor bortesiger
10/2/2009 05:50
Så var det sesongens siste bortekamp som skulle gjennomførast. Kampen var på Ågotnes mot Nordre Fjell kl.18,00. Me stilte som vanleg mannsterke med 13 spelarar og var skikkeleg gira på kamp, men så dukka ikkje dommaren oppL Då halve laget går på skule rundt omkring utanfor øya, hadde me ikkje tid å venta på sporing etter ny dommar – Tobben måtte nok ein gong hoppa i dommarrollenJ Er det ikkje det ein brukar ass.trenarar til???
1.omgang var for så vidt vår, men det var ein spelar hos NordeFjell som skapte problem for oss. Ho var kjapp og finta seg igjen gang på gang…..alt for lett. 10-15 leda me til pause, men me måtte ta tak i denne spealaren i 2.omg. Heldigvis dukka også dommaren opp etterkvart, så var det i alle fall ingen som kunne klaga på ”heimadommar”.
I 2.omg kan ein trygt sei at me parkerte dei. Me sette storspelaren deiras ut av spel, og då stod dei kun å ”kasta gris”, og det vart mangen grisar etter kvartJ
10min gjekk det av 2.omg før dei fekk inn sitt ellevte mål……så me vant fortjent 14-29, etter årsbeste forsvarsjobb i 2.omg. Heila laget jobba ekstremt bra i forsvar i dag, og skal ein setja fingen på noko, så er det å få forsvaret til å sitta i begge omg og kontringspelet vårt. Me brenn altfor mangen 100% sjangsar, så det må me få gjort noko med
Laget: Silje L, Silje H(4), Isabel(3), Pernilla(4), Ingse(5), Hege(1), Linda(1), Agnethe(1), Marion(2), Linn(2),Ingvild(3),Margrethe(1) og Mia(2)