Kasserte bibliotekbøker gjevast bort

Publisert av: Johnny Helgesen
4/3/2019 16:17
Sist oppdatert: 4. mars 2019

Kasserte bøker frå Tysnes skule og Tysnes folkebibliotek treng ny heim. Det er i hovudsak snakk om skjønnlitteratur og faktabøker for barn og ungdom, men også noko vaksenlitteratur.

Bøkene står utstilt i vrimlearealet i Tysneshallen ut mars månad. Nye (gamle) titlar vert lagt til etterkvart.