Publisert av:
27/1/2009 11:51
Noah 4 år
Igjen er det bursdag for prinsen vår
og no er du blitt heile fire år
Ein liten sjarmør som får jubelen fram
når du opptrer for oss i dei rollar du kan;
Karius, Baktus blånisse og Vesletuss
du kan dei på rams og er ikkje i stuss.
Men gjevast av alt er at du har fått
både søster og sverd og syns det er flott
å kjenna deg uovervinneleg når du kan
kle deg ut som sjølvaste Kaptein Sabeltann.
Bestemor og bestefar med skjegg gratulerer med dagen.
Tantene og onklane helsar også, og alle gleder seg til du blir Tysnesing