Store sentrumsplanar

Publisert av:
23/1/2009 17:51

Det er Bladet Tysnes som skriv i avisa denne veka om dei store planane på Onarheim, der politikarane har fått sett ei skisse over korleis ein tenkjer seg utviklinga av sentrum på Onarheim.

Skissa er utarbeidd av Åsta Midtbø hjå Alsaker Fjordbruk, og ho er engasjert på førespurnad frå nemnda  som jobbar for tusenårsstaden på Onarheim.

Bladet Tysnes skriv at skissa omfattar bygdelagshus, eit amfi på oppsida av skulen, og i forkant av amfiet er det teikna ny fotballbane. Det er også tilrettelagt for utviding av barnehagen, og det er teikna inn ny daglegvarebutikk. Grustaket bak kyrkja er føreslege nytta til parkeringsplass, og ein drøseplass utforbi Seløystova er aktuelt.