Annonse

Skorpetveit juletregård

Publisert av: Martha Nygård Lande
16/12/2018 15:03
Om Skorpetveit Juletregård
Etter å ha fått godkjent av landbrukskontoret  driftsplan , omdisponering av areal, av mattilsynet godkjent planting av framande artar, kom dei fyrste plantene i jorda 2006. Neste året sette me 80. Ein varsam start for å vinna kunnskap om produksjon og ikkje minst korleis ein kan selja dei ferdige trea.

No plantar vi 2 – 500 tre i året og har slik skalert for direkte sal og ei arbeidsmengd som kan handteras utan leigehjelp i onnene.
Vi dyrkar berre  edelgran;  i hovudsak fjelledelgran og litt normanna edelgran (det tradisjonelt mest selde, dyrka juletreet). Vi prøver no òg eit felt med frasergran, sidan torgseljarane seier at det er treet folk helst vel om det kan skaffast.
Fjelledelgran
Normannagran
Skal du få eit bra resultat må det gjødsling og tyning av ugras til. Vi tilfører Agridol, eit kalkgranulat, som inneheld mineral som er viktige for gran, og  mineralisert hønsegjødsel. Denne gjev eit betre resultat enn kunstgjødsel. Ugras held vi nede med mekanisk fjerning så sant terrenget tillet det.
Vi sel helst ved sjølvhogst. Det er lagt opp til at kjøparane kan koma, finna eit tre dei vil ha, og ta dette med seg heim.
Det  er meininga ein skal kunna klara seg heilt sjølv. Sag, øks og juletrepakkar er på plassen.
Dei to føregåande åra var det eit bedrøveleg ver i vekene før jul. Vi laga det då slik til at ein kunne koma frå ca 1 november å reservera eit tre ved at ein hengde på ein lapp med navnet sitt og sende meg ein SMS.

Vi  har og dreve ei ” fjernreservering ” ved at ein på telefon eller facebooksida vår, Skorpetveit juletregård,  eller @juletrekonglen, beskriv kva ein vil ha. Vi høgg, pakkar og kjører treet til eit avtala utleveringspunkt . Vi leverer og på døra, men det er helst kundar som av ulike grunnar ikkje kan få tak i treet på annan måte.
Vi meiner at det å koma til garden og sjølv merka av treet ein vil ha, og aller helst ta det heim sjølv, er det beste. Då er ein ikkje avhengig av dei tidene vi kan levera på. Vi får tilbakemelding på at det å sjølv, utan innblanding frå oss, leitar fram tre er noko ein vil ha slik.

Mange nemner og at dei sjølve som barn, var med vaksne og leita etter juletre for året. Dette var ein tradisjon dei minnest  med glede og dette er noko dei vil gje vidare til sine ungar. Difor er det ofte både mor, far og  ungane deira eg ser på jakt i felta.
​
Frakoblet

Tekst og bilder: Per A Skorpetveit


Helsingar

  • Kåre og Sigmund 80 år!
  • Markus 12 år!
  • Anders 70 år!
  • Bryllup!

Kva skjer på Tysnes

  • Julebord 6. des. kl. 18:00
  • Søndagstur til Valberg med Tysnes Turlag 7. des. kl. 11:00
  • Sogesodd/ 80 års jubileum - Påmeding innan 1/12 7. des. kl. 15:00
  • Advent samling 7. des. kl. 16:00
  • Tysnes bygdekvinnelag - julemøte 8. des. kl. 18:00
  • Innsamling til Nepal 9. des. kl. 16:00
  • Between 12. des. kl. 18:00
  • Familiesøndagsskule 14. des. kl. 10:00
Tweets av @Tysnesingen

Følg oss på sosiale medier

  • Facebook
  • Twitter
  • Instagram
  • Youtube
  • Tysnesingen

Mest leste saker

  • God å triksa?
  • Lanseringsfest for Podtown
  • Det ble GULL til Pernilla!
  • Fôrtvilt over rundballar på avveie
  • Fullt hus på Kompasset

Relaterte saker

  • Andersland Bygg 2 med klar leiing
  • VANNSPARING 2018
  • Forbudt med medbrakt alkohol på festivalcamping
  • Over dobbelt så mange til topps i desember
  • Bowlingturnering i romjula

Kontakt oss

+47 534 31 660 post@tysnesingen.no