44 mål borte

Publisert av:
4/1/2009 18:19

Etter lang pause frå kampar, var me no veldig gira på å få til ein god handballkamp. Heldigvis har me i år ein bra ”stall” å ta av, for 3 stk måtte melda forfall pga ”flunso”. Kampen begynte veldig bra. Me leda 11-0 etter 15min, og slapp ikkje Osterøy til på nokon plass. Dei fekk til slutt inn eit mål, men det stoppa ikkje oss. Me sette fullstendig stoppar for dei i forsvar, og kontra dei i senk når me erobra ballen. Me er jo ikkje kjent for å vera så sterke på kontringar, men i dag fekk me det verkeleg til. 19-2 leda me til pause. Ein knall omg av samtlege

2.omg starta kanskje litt rotete. Tok nokre minutter før me fant ”stimen” igjen, nok til at Osterøy fekk inn ett par kjappe mål, men etter 5 spelte minutter ut i 2.omg og til slutt, var kampen vår. Var berre spørsmål om kor stor seieren skulle verta, for Osterøy hadde ingen ting å bidra med

Heile 44-7 vant me – fortjent(19 av måla på kontring!!!), og det etter ein gjennomført perfekt kamp!!!! Håpar me no er inne i rett ”modus”, og klarar å halda konsentrasjonen oppe sjølv mot dårlege motst. Altfor ofta dett me i nivå i sånne kampar. Men i dag var både konsentrasjonen og tempoet høgt heile tiaJ

Heila laget kom på scoringslista (bortsett frå egen keeper!!!): Silje L, Isabel(7), Silje H(9), Mia(3), Agnethe(3), Marion(5),Ingvild(4), Pernilla(5), Margrethe(2) og Hege(6)