Publisert av:
26/12/2008 20:24
Romjulscup
I tre dagar i romjula vil fotballen rulla over parketten i Tysneshallen.
Njardar/Tysnes har som vanleg laga til romjulscup, der kameratar, naboar, slekt og andre dannar seg lag og er med like mykje sosialt som sportsleg.
Tribunen var godt full fyrste dag, der dette mellom anna vert ein treffplass for tysnesingar ein ser berre nokre få gonger i året.
Kampane innleiingsvis gjekk fint i dag, og i morgon laurdag er det resten av dei innleiiande kampane som skal spelast, før finaledagen søndag.
Her litt bilete frå fyrste cupdag.