Julekort i avisa i år?

Publisert av:
11/12/2008 12:09
Sidan «Tysnes» kom ut for fyrste gong i 1953, har bladet vore eit bindeledd mellom Tysnes og utflytta tysnesingar. I dag har «Tysnes» framleis mange lesarar utanfor kommunegrensa; folk som har ei tilknyting til øya vår gjennom slekt, eller kanskje dei har hytte på Tysnes.

Mange av dei les «Tysnes» for å sjå korleis det går med kjende og kjære.

I år skal difor «Tysnes» ha ei eiga spalte i avisa der me lagar til ei side med fine, «ekte» julekort med bilete og helsingar frå lesarane. Denne skal me ha på trykk i Juleavisa. Så om du har nokon du ynskjer å helsa til, her på Tysnes eller ute i den store verda, send bilete og ein tekst (på rundt 50 ord) til redaksjonen@tysnesbladet.no. Helst før torsdag 18. desember.

 
Det kostar ingenting, og kan gleda mange!