Barne og familiekonsert i Tysneshallen.

Publisert av: Vegard Aslaksen
17/9/2018 07:20

Tysnes Musikklag i saman med Tron Jensen inviterar til konsert for heile familien.
Tron Jensen har vore på Tysnes fleire gonger og denne gongen skal han laga eit barnekor med born frå heile Tysnes, ja kanskje kjem det born frå Ølve og.
Tysnes Musikklag skal ha ein avdeling med humoristiske soloinnslag.
Slagveksgutta får denne gongen utfolda seg på fleire nummer.
Sjølvaste rådmannen Steinar Dalland skal lesa eventyr med lydar frå musikklaget.
I pausen blir det råd å få kjøpt seg kaker, kaffi og saft.
Denne konserten må de berre få med dykk.

Slagverksgutta kjem til å laga mykje lydar.
Foto; Lars Petter Epland

 

Les meir om arrangementet her.