Utskriven frå sjukehus

Publisert av:
8/12/2008 21:56

Den forulempa guten er utskriven frå sjukehuset utan alvorlege skadar, stadfestar lensmann Lorentz Lunde til Tysnesingen.

Det var natt til søndag det var slåsting i Våge. Lunde seier at ungdomen vart slått ned – truleg to gonger.

– Ein annan ungdom har så langt vedgått å ha slått ned vedkomande, men me arbeider vidare med saka. Nye avhøyr i morgon vil klargjera litt meir, opplyser lensmannen.

– Vedkomande som vart slått ned var “borte” ei stund, og vart etter tilsyn lokalt transportert til sjukehus med luftambulanse, sluttar lensmannen i Tysnes.