Familiedag i Kulturløo på Drange

Publisert av: Vegard Aslaksen
7/9/2018 20:39

Laurdag 8. september er det familiedag i Kulturløo kl. 12.00 – 16.00

Arrangementet er i samband med både Kystsogevekene og Kulturminnedagene.

Besøkande vil blant anna kunna sjå ei kunstutstilling av botaniske trykk av Ann Kristine Aanonsen.

Det vert natursti for borna.

Omvisning i museet.

Ein kan helsa på dyra på garden.

 

Anne Elisebeth Skogen vil fortelja om utvandringa til USA, og om korleis det gjekk med dei første innvandrarane.

Foredraget hennar er delt opp i to delar.

Kl. 13.00 vil ho fortelja om sjølve utvandringa til dei første nordmennene som reiste med skipet Restauration til USA.

Denne delen har ho framført i Kulturløo tidlegare.

Kl. 14.00 vil ho fortelja om fortsetjinga – nemleg om korleis dei norske innvandrarane klara seg i det nye landet.

 

Sal av kaffi og noko å bita.

Inngang kr. 50, born gratis.

 

Helsing Kari og Helge