Møte på Hovland Bu- og Omsorgsenter
2/12/2008 13:51
Invitasjonen kom frå helse- og sosialkontoret. Sosialsjefen hadde meldt forfall, men Hildur Heie og leiar for open omsorg, Sigrid Hope, samt rådmann Audun Hovland var møtt fram for å informera.
Som kjent er det foreslått frå Helse- og Sosialetaten å leggja ned kjøkendrifta og fjerna fem plassar frå bufellesskapet ved Hovland bu- og omsorgssenter for å spara inn om lag kr 500.000,- i budsjettet for 2009.
Nesten samtlege av bebuarane var møtt fram, samt ein god del pårørande og personale. Både bebuarar og pårørande stilte seg svært kritiske til om Kommunen i det heile vil koma til å spara noko som helst med dette tiltaket.
Ein opprørt bebuar ved senteret, påpeika at bebuarane ikkje på noko tidspunkt var blitt spurde om kva dei synes om dette forslaget. Det blei også stilt eit stort spørsmålsteikn ved logikken i ”sparetiltaket” all den tid det er foreslått å tilby dei fire i bufellesskapet plass på sjukeheimen, samstundes som ein sjukeheimsplass kostar kommunen om lag kr 500.000,- !!!
Både fungerande sosialsjef/helse- og omsorgsleiar Hildur Heie og rådmann Audun Hovland måtte tåla skarp kritikk frå dei frammøtte.
Talen var klar frå pårørande og bebuarar: Tilbodet slik det er i dag må oppretthaldast. I det minste til eit nytt tilbod er fysisk på plass i kommunen. Det er også på høg tid å byrja å tenkja konstruktivt; Mykje av bygningsmassen på Hovland står ubrukt. Kva potensiale er det her for å auka inntektene?
Eit tankekors er elles at heile informasjonsmøtet, som var mynta på dei eldre, der fleire er sterkt høyrselshemma, blei gjennomført utan bruk av mikrofon/høgtalar. Heilt på tampen av møtet kom det fram at slikt utstyr faktisk er tilgjengeleg på huset ….
Ingrid Storetvedt
pårørande