Publisert av:
21/11/2008 23:00
Med Norge i U20 VM
Tina Wulf Eikeland spelte Norge sin fyrste kamp i U20 VM i fotball som vert arrangert i Chile. Opningskampen mot Mexico vann dei norske jentene 2-1, og Tina Wulf Eikeland spelte på midtbanen for Norge.
Jørunn og Tormod Eikeland i Lunde er besteforeldra til den talentfulle 20-åringen som til vanleg spelar i toppserieklubben Trondheims/Ørn.
Søndag 23.november møter Norge regjerande verdsmeister Nord-Korea. Kampen begynner klokka 12:00 chilensk tid, klokka 16:00 norsk tid. Kampen vil gå i opptak på Eurosport kl.21:00.
Tina fortel til rbnett.no at dei vert behandla som superstjerner under VM, og at dei må ha politieskorte kvar gong dei skal ut av hotellet. Artikkel og intervju med Tina finn du her >>>