Sjøsportsdag for fulle segl!
10/6/2018 20:30
Fire Oselvarar var i aksjon på Sjøsportsdagen som Båtlaget Njord/Tysnes arrangerte på laurdag.
Båtane kom seg på sjøen frå ca kl 11:30 og sigla stort sett kontinuerlig fram til kl 15, besett med erfarne rormenn, og ivrige nybegynnarar som mannskap.
Det var også høve til å prøve seg i båtlaget sine kajakkar.
Deltakarane fekk fyrst ei økt med fri segling med instruksjon frå rormenna, deretter var det ei økt med litt mat og ei orientering om reggattasegling ved Olav Andersen, før det heile vart avslutta med to regatta-seilasar.
Dagen vart gjennomført i strålande solskinn, og vind i segla som tok seg litt opp ut over dagen.
Båtlaget ønskjer å takke alle som møtte opp, og vil også nytte høve til å spesielt takke Svein Økland, Jan Vee, Kåre Gjerstad og Bernhard Gjerstad som stilla med eigne Oselvarar.
Tekst og foto: Steffen Sleire Opdal