Påskequiz del 3

Publisert av: Vegard Aslaksen
27/3/2018 13:01

Her kjem fire nye spørsmål til årets Påskequiz.
Denne gongen er me ute etter svar på spørsmål 3, 12, 15 og 19.

 

3. Kva for ein kjend norsk reiar frå Bergen starta sin rederivirksomhet allereie i 1929. Under krigen flyktet han til England kor han aktivt tok del av motstandsbevegelsen, og var befraktningssjef for Nortaship. Reiaren klarte i etterkrigstida å bli blant verdas største innan tankfart. I gullalderen på slutten av 60 tallet bygde han fleire av skipa sine ved Stord Verft. Dei to største supertankarane var på 280 000 dvt, og mange industriarbeidarar frå Tysnes var med på å bygge dei. Kva heitte dette rederiet. Namnet på rederiet er det same som etternamnet til reiaren.

12. I EM finalen i fotball 1988 mellom Nederland og Sovjetunionen, vann fyrstnemde 2 – 0. Det fyrste målet vart scora av Ruud Gullit, men kven scora mål nummer to? Dette målet er per i dag rekna for å vere eitt av verdas vakraste.

15. I Vågeområdet ligg det ei vik som fekk namnet sitt oppkalla etter ein mann som på eit tragisk vis drukna like ved. Kva var fornamnet på denne personen?

19. Under Tysnesfest i fjor 2017 måtte ein kjend artist avlyse konserten grunna dårlig vêr. Artisten vart rekna som festivalens hovudatraksjon. Kva heiter denne musikaren?