Publisert av: May Britt Meland
17/3/2018 16:44
Stor grasbrannfare
Det har vore tørt og fint ver med vind lenge, noko som har tørka opp gammalt gras og lauv.
– I dag er det livsfarleg å brenna bål og bråte dersom du ikkje har sløkkemiddel i nærleiken. seier brannvesenet.
– Folk må tenka på at gnistar frå eit bål kan tenna på landskap 100 meter lenger borte.
På få timar kom det inn 8 meldingar om grasbrann i Hordaland!
Alle desse skuldast bålbrenning som har kome ut av kontroll.
- 10.57 Grasbrann på Manger, Radøy
- 12.38 Liten brann i Fusa
- 13.17 Lyngbrann på Stord
- 13.39 Lyngbrann i Vaksdal
- 13.46 Grasbrann i Lindås
- 13.51 Bål ute av kontroll på Tofterøy i Sund
- 14.14 Grasbrann på Fitjar
- 14.28 Grasbrann i Salhusvik, Sveio
Dagens oppfordring:
Nyt dagen og kos deg ute!
– UTAN BÅL!