Alan Walker kjem!

Publisert av: Johnny Helgesen
7/2/2018 20:00
Då uveret sette ein stoppar for Alan Walkers konsert på Tysnesfest i fjor, lova bergensaren at han skulle komme tilbake i 2018. Me er no utruleg stolte over å bekrefta at avtalen med Walker er i boks!

 

Alan Walker var fyrste norske artist som fekk over ein halv milliard spelingar av sin eigen låt på Spotify.

 

20-åringen frå Fana har gjort ei lynkarriere. Han er født i England, men har budd i Fana utanfor Bergen mesteparten av sitt liv. I desember 2015 blei han verdskjent med singelen «Faded», som i skrivande stund er strømma nesten 1,5 milliard gonger på Youtube, og meir enn 700 millionar strøymingar på Spotify.

 

I tillegg til signaturlåta «Faded» er Alan Walker mellom anna kjent for store hits som «Alone», «Sing me to sleep», «Spectre» og «All falls down».

Walker har turnert heftig det siste året, og i april er han booka inn på ei av verdas største og viktigaste musikkfestivalar, Coachella i USA. Der skal Walker stå på same scene som mellom anna Beyonce, The Weeknd og Eminem!

 

Noko av det verste ein festival- og konsertarrangør kan oppleva er å måtta avlysa ein konsert med påfølgande evakuering av arenaen. I ettertid får me bekrefta gong på gong at avgjersla var 100% korrekt.

Våre friviljuge, dei forskjellige etatane me har i aktivitet, artistar, crew og ikkje minst publikum har støtta oss i dette. Me har fått hundrevis av støttemeldingar frå publikum som set pris på at me set tryggleiken deiras i høgsetet.

Slikt vær som me opplevde laurdagskvelden under Tysnesfest 2017 er heldigvis veldig sjeldan midt på sommaren, og i 2018 ligg alt til rette for at me kan få ei magisk oppleving når Alan Walker går på scena laurdag 14. juli 2018!

 

Alan Walker går på scena laurdag 14. juli 2018

Desse artistane er til no booka til Tysnesfest 2018:

 

Alan Walker, Susanne Sundfør, Miss Tati, Adam Douglas, Gåte, Bigbang, Kari Bremnes, Amanda Delara, Dagny, Gardsbruk, The Vossa Rebels.

Alle foto: Stian Andersen