Spelemidlar
11/10/2017 10:39
Idrettslag, andelslag og andre samanslutningar kan søke om tilskot innan desse stønadskategoriane:
• Ordinære anlegg, tilskot til bygging og/eller rehabilitering av idrettsanlegg
Normalt tilskot ordinære anlegg: 1/3 av godkjend kostnad.
For nokre anlegg er det fastsett særskilte maksimale tilskotsbeløp.
• Nærmiljøanlegg
For tilskot nærmiljøanlegg: 50% av godkjend kostnad inntil kr 300 000.
Det er kun eigar av anlegget som kan søke om tilskot frå spelemidlane. Tilskot i form av
av spelemidlar skal ikkje danne grunnlag for fortenestebaserte eigarformer.
Søknad må fremjast seinast i løpet av kalenderåret etter at anlegget er ferdig.
For nærare opplysningar eller spørsmål: Vibeke Øxnevad Stoltz
Tlf. 53 43 70 21, Epost: vibeke.stoltz@tysnes.kommune.no
Føresegner, informasjonsmateriell, søknadsskjema hentast på følgjande nettstad og alle søknader skal sendast elektronisk, sjå: www.anleggsregisteret.no
NY SØKNADSFRIST: 01.11.2017
LEIAROPPLÆRINGSMIDLAR 2017
Lag og organisasjonar innan barne- og ungdomsarbeid, idretts- og kulturarbeid kan søke om tilskot til opplæring av leiarar på grunnlag av dokumenterte utgifter i 2017.
Søknad sendast, med kopi av bilag til kurs- og reiseutgifter, til Tysnes kommune, rådmannskontoret, Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal. Epost: post@tysnes.kommune.no
NY SØKNADSFRIST: 30.11.2017.