Sal av lokal mat

Publisert av:
21/9/2017 18:28

Me har med oss frysevarer av mørna storfekjøt. Kjøtet er veldig godt på smak, og alt kjøtet er i frå den gamle urferasen Vestlandsk fjordfe som frå gammalt av er den opprinnelege rasen som var på Vestlandet.

Me har med oss blant anna: Kverna storfekjøt, grytekjøt, ytre- og indrefilet, bogplomme, bankekjøt, Flat iron steak, Flat iron filet, flatbiff, rundsteik, høgrygg. Det vil vere mogleg å kjøpa den mengden ein ynskjer. Vonar me ser deg der!

Venleg helsing Garden på Dalland