Stengt ved Kløv også i morgon

Publisert av:
19/9/2017 09:02

Støypinga av profilmur på Kløv tok noko meir tid enn planlagt, det vert difor nødvendig med ein ekstra dag stenging. Vegen vert difor også stengt i morgon onsdag 20.9 frå 08.00 til 20.00.

Vegarbeid og stenging av veg på Epland.
Ncc forte vidarel til Tysnesingen.no at dei fom. torsdag 21.9 kjem til å starta opp med arbeid på Epland. Også her er det nye støypekantar som skal lagast. Under dette arbeidet blir det manuell dirigering. Vegen vil verta stengd i opptil 15 minutt om gangen mellom kl. 08.00 og 20.00. 

Bussar vil verte prioritert, og ein vil prøve å sleppe dei gjennom fortløpande.