Innkalling til omframt årsmøte 2017
15/9/2017 13:48
Uggdal Vasslag SA
Org. nr.: 970198342 mva
Stad: Kinosalen i Grendatun
Tid: Tysdag 19 september kl. 19:00
Saksliste.
1. Val av møteleiar, referent, og 2 medlemmer til å underteikne protokollen.
2. Godkjenning av innkalling og saksliste.
3. Fullmakt til å utgreia kommunal overtaking av Uggdal Vasslag SA
Saksframstilling, Sak 3: Fullmakt til å utgreia kommunal overtaking av Uggdal Vasslag SA.
Vatn er noko av det viktigaste me har i samfunnet. Å levera reint vatn på ein trygg og stabil måte er kritisk i infrastrukturen vår, og må drivast på ein mest mogeleg kvalitetsikker måte. I takt med utviklinga har styresmaktene og auka krava til denne tenesta.
Det kom ny drikkevassforskrift 1. Januar 2017. I denne vert det stilt høgare krav til m.a. beredskap og øvingar, kompetanse, driftsrutiner og vedlikehald. Kommunar og fylkeskommunar har og fått ein klarare plikt til å omsyn til drikkevatn i sine planar. I tillegg har Mattilsynet auka sine kontroll- og rapporteringsrutiner.
Bygdafolk etablerte vasslaget i slutten av 60-åra opp i gjennom har laget vore drive med ein stor del av dugnadsånd. I dag er det mindre dugnad, og eit felles driftselskap driftar både nettet i Uggdal og Tysnesbygda. Likevel er drifta sårbar. Driftselskapet er lite og manglar større fagmiljø. Det er heller ikkje lang kø for å ta styreansvar i vassverket. Me manglar godt kartgrunnlag og Tysnes kommune har vedteke ny norm for anlegget som skal oppfyllast for vidare utvikling.
Styret ber i dette omframe årsmøtet om fullmakt frå medlemene til å få utgreidd sak om ei evt. kommunal overtaking av Uggdal Vasslag SA. Dersom resultatet av ei evt. utgreiing føreslår ein modell for overtaking, vert den lagt fram for årsmøtet for godkjenning før prosess for overtaking vert iverksett.
På møtet vert teknisk leiar i DIHVA (Driftsassistansen i Hordaland – Vatn og Avløp IKS) Tobias Dahle med. Han har erfaring frå tilsvarande prosessar andre stader og vil orientera om dei ulike elementa i ein slik prosess, samt vera tilgjengeleg for spørsmål frå årsmøtelyden.
Uggdal 14. august 2017
