SYMRA på Lambasleppet

Publisert av:
5/8/2017 07:35

Symra er eit sunnhordlandsk rockeband som spelar sjølvkomponert, alternativ poprock. I bandet er det to tysnesingar med: Øyvind Kleppe (17) på vokal og Henrik Sebastian Epland (17) på perkusjon. Bandet betår forutan av Morten Engebretsen Stokke (19) på gitar, Ole Martin Hauan (18) på bass og Henrik Vatle (19) på gitar.

Alle i gruppa har felles utspring frå musikklina på Stord. Sidan hausten 2016 har dei jobba med å produsera låtar som dei framførde på Lambasleppet.

Vart premiert med deltaking på 100 dagar
Etter konserten torsdag på Festidalen/ Lambasleppet vart SYMRA tekne ut til å få spele på 100 dagar. Festivalen omtalar seg som Norges minste men viktigaste bransjefestival og vert arrangert årleg på Stord.

Her kan du sjå video av SYMRA på Lambasleppet.