Påmelding bowlingserien 2017/18
27/7/2017 15:35
På grunn av endringar i bedriftene i Tysnes har fleire lag trekt seg frå alle dei tre divisjonane. Dermed må me sjå på samansetjinga av divisjonane på nytt. I første divisjon er det åtte lag som er kvalifiserte, Andersland Bygg 1 og 2, Pallfinger/Harding) 1 og 2, Fronta, Tiko, Windsor og Tysnes Golfklubb 1.
Andre divisjon har stort fråfall av lag. Tysnes kommune, Pallfingar 3(Harding) og Tysnes Golfklubb 2 er kvalifiserte. Her vil me ha minst seks, maks åtte lag. Me vil difor opna for at laga som spelte i 3. divisjon førre sesong, kan melda seg på i andre eller tredje divisjon. NYE LAG KAN OGSÅ MELDA SEG PÅ I EIN AV DEI TO DIVISJONANE.
Første og andre divisjon spelar tre seriar i kvar kamp, og prisen er kr. 300 pr lag pr kamp. Tredje divisjon spelar to seriar til kr. 200 pr lag.
Terminlistene vil vera klare ca 20. august.
Me har totaloverhaling på bowlinganlegget i sommar så me reknar med at alt vil fungera fint i sesongen som kjem.
ME BER OM TILBAKEMELDING TIL HELGE HAUGE INNAN 15. AUGUST OM DE STILLER LAG OG KVA DIVISJON DE ØNSKJER Å SPELA I.
helge.hauge@haugnett.no