1,8 millionar til rydding
17/7/2017 06:52
Midlane kjem godt med til eit viktig arbeid kjem det fram i pressemeldinga frå SIM.
– Dette er me svært godt nøgde med. Me fekk midlar både i 2015 og 2016 og konstaterer at summen aukar for kvart år. Noko me tek som eit teikn på at dette vert sett på som ei viktig oppgåve, seier plan- og kommunikasjonsansvarleg i SIM, Janne Hillersøy. Ho påpeikar at dei enno ikkje har fått tildelingsbrevet, og veit dermed ikkje konkret om midlane er øyremerka eit spesielt prosjekt.
– Me lyt komma tilbake til korleis midlane skal nyttast, men hovudfokus er strandrydding og rydding av havbotn, seier ho.
Kontinuerleg arbeid
SIM har sidan 2008 hatt sett av midlar til rydding av såkalla herrelaust avfall, som til dømes rydding i nærmiljøet, marin forsøpling, villfyllingar og liknande, men ein har likevel ikkje oversikt over kor mykje slikt avfall som finst i vårt område.
– Det me veit er at dette er eit stort problem. Særleg marin forsøpling. I fjor var over 40 lag og organisasjonar med og rydda strender i Sunnhordland. Over 25-30 områder vart rydda. Hittil i år, etter at kvalen stranda på Sotra, har me lag til rette for over 80 aksjonar noko som viser eit stort engasjement blant innbyggjarane. Dei gjer eit veldig bra og viktig arbeid, men dette berre er toppen av isfjellet og me veit at dei same strendene lyt ryddast år etter år, påpeikar Hillersøy.
