Dyktige musikantar

Publisert av:
25/6/2017 21:35

Ein flott innsats sikra Tysnes Skulekorps ein 2. plass i 3. divisjon under NM Skulekorps Brass 2017 i Stavanger 24. juni. 

Yngve Nikolaisen har gjort ein framifrå jobb med korpset, særleg dei siste vekene, der dei har øvd nesten kvar dag.

Totalt var det rundt 60 stk i følget til skulekorpset, 32 musikantar og resten foreldre og sysken som koste seg i Stavanger heile helga. Det var eit flott og sosialt arrangement for alle.

 

Nora Nikolaisen (t.v) fekk medalje for 10 år i korpset, mens Heidi Aarskog (t.h) fekk 7 års medalje.

 

Frå premieutdelinga der William og Karoline tok imot premien på vegne av skulekorpset.

Foto: Birgit N. Austvik