April Open Tysnes – Stableford
26/4/2017 08:37
Turneringa inngår i ’Tysnestouren’ 2017. (Dei 3 beste rundar i sesongen er teljande). Tysnes Golfklubb har bane i Tysnes kommune, Hordaland. Dalen Golfbane er ein 6-holsbane, par 63, som vert gått 3 runder ved spel av 18 hol. Banen vart godkjent av Norges Golfforbund i 2013. For meir informasjon om banen sjå tysnesgolf.no
Program: 18 hol Stableford. Premieutdeling straks etter avslutta spel.
Startkontingent: Kr 200,-. Betaling i golfshopen ved oppmøte/registrering. Møt opp i god tid. Startkontingenten inkluderer dagsgreenfee.
Påmelding: I Golfbox eller på mail til tysnesgolf@online.no evt. mobil 97956977eller 97155256. Dersom ledig plass kan også påmelding skje ved frammøte seinast kl. 09.30.
NB !! Hugs også oppstart Pitch & Putt Tysnes-/ShlTour mandag med start kl.10.00 og 17.15.
Velkomen til Tysnes Golfklubb – Dalen Golfbane, Dalsvegen 260, 5685 Uggdal. www.tysnesgolf.no
