Publisert av:
26/4/2017 07:52
Syklist påkøyrt
Guten som vart påkøyrt av ein bil i stølsvegen i Våge i dag tidleg, er forslått men skal ikkje vera alvorleg skada. Han er sendt til Stord sjukehus for sjekk av mulige brotskadar. Bilen skulle svinga inn på ein sideveg og fekk sykkelen i front, i følgje politiets operasjonsleiar Morten Kronen.
– Guten hadde hjelm på. Eg trur ikkje han var alvorleg skada. Me snakka med han etterpå. Om det kan vera beinbrot, veit me ikkje enno, Seier lensmann Lorentz Lunde til Bladet Tysnes. Lunde fortel og at lege og brannvesenet var raskt på plassen, slik at guten fekk stell og tilsyn.