Endringar hos NAV
29/3/2017 18:44
NAV gjer no det bankane gjorde for mange år sidan; kundane gjer mykje av jobben sjølv via nettbank. Føremålet er å frigi tid og ressursar til planlagde møter, oppfølging og arbeid/aktivitet. Målet er å gi best mogleg tilpassa rettleiing, av riktig rettleiar. Dette vil sikre at det er dei med rett kompetanse som svarer, og at svaret vert korrekt. NAV har registrert færre som kjem innom utan avtale etter at dei digitale løysingane vart teken i bruk.
Det er fullt mogleg å komme innom og nytte seg av publikums-pc’ane og telefon, sjølv om mottaket ikkje er bemanna. Det er også høve til å få rettleiing på bruk av desse løysingane. NAV Tysnes vil førebels ha same opningstid som tidlegare. Eventuelle endringar vert annonsert, fortel Kristine Trane, leiar ved NAV Tysnes.
Dersom det er trong for å snakke med sakshandsamar på NAV, er det berre å bestille time. Dette vil sikre at sakshandsamar er forberedt til møtet, og det vil gi et betre utgangspunkt for møtet.
Timeavtale kan ordnast på
www.nav.no/skrivtiloss og
via kundesenteret, tlf 55553333.
Dei nye digitale løysingane, og kontakt-moglegheitane gjer at alle kan ordne mykje av det dei treng på nett eller via telefon.
