Ekstremvarsel sterk vind 2. juledag
25/12/2016 21:32
Me viser til informasjon frå meteorologisk institutt og tekstvarslar på www.yr.no
I samband med uvær er me kjent med at det også kan gje vesentlege utfordringar på Tysnes. Me ber om at de sikrar lause gjenstandar så lenge vêrtilhøva tillater det. Ut på ettermiddagen 2. juledag er det viktig at ingen går ut så framt det ikkje er absolutt naudsynt. Røynslene frå stormen Nina var at det var for mange som gjekk ut og på den måten sette seg sjølv og andre i farlege situasjonar.
Dersom kommunikasjonar og straum fell ut vil det vera beredskap på Rådhuset. Dersom det vert bortfall av kommunikasjonar vil det vera legevakt til stades på Rådhuset. Det vil også vera tilgjengeleg straum for livsviktig utstyr her.
Dersom de har pårørande som de ankar på og som treng særskilt tilsyn ber me om at de i utgangspunktet tek kontakt med naboar eller nærbuande som kan ha eit visst oppsyn. De kan også ta kontakt med kommunen ved rådmann mob. 970 46 500 eller ordførar 472 38 850
Me ber om at alle som føre var tiltak gjer naudsynte førebuingar før uveret for alvor set inn:
– Ta inn ved.
– Ha lommelykt og batteriradio tilgjengeleg.
– Ved utfall av straum og kommunikasjonar sjå også til at naboen har det greitt.
– Sikre drikkevatn for minst to døgn.
– Finn fram primus og tilsvarande om de har.
– Lad opp telefoner og anna før uveret set inn.