Tradisjonsrik julekonsert

Publisert av:
16/12/2016 11:00

Laurdag 17. desember kl. 18.00 inviterer Tysnes Musikklag til julekonsert.

 

Varriert program med lokale talent.

Eit variert program med mykje flott julemusikk framført av fleire unge solistar står på programmet for julekonserten i Tysnes kyrkje.

– Me har vore så heldige å fått med oss dei unge lokale songtalenta Louise Vermedal Lunde og Øyvind Kleppe. I tillegg har vi fleire unge solistar frå eigne rekkjer som vil vera med å setja sitt preg på konserten, fortel Lars Petter Epland, leiar i musikklaget.

Han nemner Louise si framføring av Jens Tvedt sin “Juleønskje” og “O helga natt” med Øyvind Kleppe som solist, som to høgdepunkt i programmet.

 

– Me håper at Tysnes Musikklag kan vera med å gje publikum ein pust i bakken i ei travel førjulstid. At dei kan få litt julestemning, senka skuldra og nyte kjent og kjær julemusikk i Tysnes kyrkje, seier Epland.