Publisert av:
13/12/2016 09:40
Hjartevarmt initiativ
Sissel Karin og Ottar Clausen som driv Laukhamar Fritid, veit at jula kan vera ei vanskeleg tid for mange.
I år har dei eit ynskje om å gjere noko for dei som er aleine på julekvelden, ved å invitere til julefeiring på Laukhamar Fritid.
-Så anten du/de er einsame, eller det er andre grunnar til at du/de er aleine, er du/de velkomen til å dela julekvelden med oss, seier ekteparet.
Sissel Karin fortel vidare at feiringa er open og gratis.
Det vert servert tradisjonell julemat og dei vil ta omsyn til om det er mat du/de ikkje kan eta.
Ynskjer du å delta, kan du ta kontakt med Sissel Karin på tlf 99 33 11 68.